Embryoprosjektet

Skrevet av Telemarkfe.no . Publisert i Nyheter

Vi har fått tildela midlar på fylgjande vis.

Fylkesmannen i Telemark BU- midlar  kr 405 000,.

Norsk Genressurssenter                           kr 100 000,-

Eigendel                                                     kr   35 000,-

Prosjektet er planlagt å vare i tre år, så den årlege kostnaden for laget vert ca kr 12 000,-.

 

Det vert no laga ei arbeidsgruppe som skal stå for den praktiske delen av arbeidet, og ei utvida prosjektgruppe med litt meir overordna ansvar.

 

Arbeidsgruppa vert:

Prosjektleiar       Aslak Snarteland               tlf: 90 76 34 52

Faglegansvarleg  Tore Skarpnord                 tlf: 99 58 66 14

Ansvarleg for vertskap og surrogatkyr    

                               Tore Mæland                           tlf: 91 12 33 33

Geno                      Eilif Kummen

 

I prosjektgruppa vert i tillegg til arbeidsgruppas representantar, fylgjande med:

Norsk genressurssenter          Nina Hovden Sæther

Fylkesmannen i Telemark       Harald Tveit

Landslaget for Telemarkfe      Ein representant frå styret

Vi skal skylle ca 10 kyr i året, som på førehand er utvelde som gode og interessante mordyr.

Egga frå desse kyrne skal befruktas med oksar som på førehand er valde ut.

 

Her er det viktig at vi har godt samarbeid med Genressursenteret og Geno.

Tore Skarpnord er den i LFT som har best greie på stammer og kjenner dei ulike slektene godt, dette vert Tore sitt ansvar.

 

Av praktiske hensyn vil det være naturleg å konsentrere mykje av arbeidet rundt Store Ree, Jønsberg, Hamar området. Innleggelse av fersk embryo er å foretrekke, då det har høgare drektighetsprosent. Men vi kjem også til å prøve frosen i prosjektperioden.

Håpet for prosjektet er at vi skal få fram nokre gode hodyr med lik avstamming som kan utvikle

Telemarkskyra til å bli ei betre produksjonskyr.

 

Kyrkalvane skal omsetjas til medlemmer av laget

som ynskjer å satse på rasen som mjølkekyr og har interesse for avl.

 

Oksekalvane som vert fødd etter embryo må slaktas og ikkje nyttas i avl, då dette kan skape store

problem med innavl. Kanskje det kan takas inn ein til semin, dette er ikkje avklart enno.

 

Vi er avhengig av at fleire mjølkeprodusentar stiller kyr til disposisjon som surrogatmødre, gjerne NRF kyr.

 

Vi i Styret for LFT, har håp og tru om at dette kan bli eit lyft for Telemarkskyra, og bidra monaleg til avlsmessig framgang for rasen.

 

Er det interesse eller spørsmål omkring prosjektet kan ein av oss i arbeidgruppa kontaktas.

 

I prosjektgruppa vert i tillegg til arbeidsgruppas representantar, fylgjande med:

Norsk genressurssenter  

Nina Hovden Sæther

Fylkesmannen i Telemark                            

Harald Tveit

Landslaget for Telemarkfe                          

Ein representant frå styret

Med helsing

Aslak Snarteland

Prosjektleiar.

 

 

Spor fra din side.

© 2008- Landslaget for telemarkfe | Utviklet med WordPress av tMedia | Logg inn
E-post: post@telemarkfe.no | Tlf: 97982727 | Orgnr: 969565889
Post: Landslaget for telemarkfe, V/Dyrsku’n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3040 Seljord