Telemarkfeet

Skrevet av Telemarkfe.no . Publisert i Avl og bevaring

Gjevrei fra Ekebergutstillinga 1959. Foto: Landbrukets Film- og Billedkontor.

Gjevrei fra Ekebergutstillinga 1959. Foto: Landbrukets Film- og Billedkontor.

Dette er rasebeskrivelsen for telemarkfeet.

Bilde: Hovedpunkter i rasebeskrivelsen
Bøgene (1) bør sitte godt inn til kroppen. Brystdybde (2)er et typisk trekk ved de gamle rasene. Jur feste, bør sitte høgt og brett oppe bak og med gode fester foran (3) Bein velstilte og rette vinkler i ledd og koder (4). Kryss (7) retning menes hellinga fra toppen av hofteknoken og ned til bekkenet. Strekker en linje som på fotoet så bør det være bra helling her. Og av stand fra omdreieren (lårbensfeste) og opp til den linja trukket fra hofteknoke til bekken bør være størst mulig da dette gir lettere kalving.

 

Farge og teikningar

Telemarkfeet skal vera raud- eller brannsida. Dei skal ha samanhengande kvit rygg frå rove til hovud. Bringkollen skal vera kvit, det same underdelen av buken, juret, bakføtene og rova. Hovudet bør vera droplete med raud mule, raude kjakar, raudeøyro og med ein raud strek eller veng over kvart auga. Der det raude og kvite mø-tes bør det vera ei droplerand, utanom på buken der kan det raude og kvite møtas kant i kant.

 

Horna

Horna bør vera velforma og fine, utan at dette skal vera eit krav.

 

Kropp og bein

Telemarkfeet skal vera ein typisk mjølkerase. Dei skal ikkje ha grov beinbygnad eller vera for muskelsatte. Dei bør ikkje ha ei levande vekt over 500 kg. Kroppen skal vera langstrakt og smekker med ein lang og smekker hals. Hovudet velforma og oppvakt. Ryggen skal vera sterkbygd og med ei god overlinje. Krysset skal ha ei breidde og helling som tilseier lette fødslar. Rova lang og grann med eit rovefeste som ikkje er for grovt og høgt. Bringen skal vera djup og bøgane bør sita godt inntil kroppen. Føtane skal vera granne og fine, med vinklar i kode- og haseledd som tilseier sterke og holdbare føtar. Dei bør ikkje vera for lågføtte.

 

Juret

Bilde: Jur på telemarkskuJuret skal vera velforma med godt feste framme og bak. Det skal vera god balanse mellom fram- og bakjur. spenene skal sitje godt i botnen av juret, dei skal ikkje sprike til sidene eller framover. Spenene skal vera høveleg store til både maskin- og handmjølking. Det skal vera god overgang mellom jur og spene.

Spor fra din side.