Invitasjon storfeutstillinga Dyrsku’n 13. september 2015

Skrevet av Jonas Løvaas Gjerstad . Publisert i Nyheter, Utstilling

Katnr. 51, tilhørende Aslak Snarteland. Foto: Jonas Løvaas Gjerstad

Katnr. 51, tilhørende Aslak Snarteland.
Foto: Jonas Løvaas Gjerstad

Dyrsku’n i Seljord starta opp med utstilling av Telemarksfe i 1866, til neste år feirar Dyrsku’n 150 års jubileum og er i dag landets største landbruksutstilling og folkefest.
Arrangementet samlar årleg 80 000 til 90 000 besøkande over 3 dagar i september. Storfeutstillinga er framleis kjerna i arrangementet og vil også vera satsingsområde framover.
På storfeutstillinga ynskjer vi å vise breidda av storferasane vi har i landet og ikkje minst løfte fram dei gamle rasane som i dag er truga, desse fortener å bli vist og omtala og Dyrsku’n er ein unik arena for å få vise seg fram til eit stor publikum.

Det å stille kyr på Dyrsku’n er både høgtid og stas, her vankar premiar og god ord. Dyrsku’n er ein viktig møteplass for husdyr- og landbruksinteressera med allsidig program, aktivitetar og handel. Me legg til rett på beste måte for at dyr og utstillarar skal få ei god oppleving på Dyrsku’n.

Me har derfor gleda av å spesielt invitere og oppmode eigarar av gamle storeferasar å stille på Dyrsku’n.
Dyrsku’n i samarbeid med Nortura, sponsar og administrerer transporten av dyra. Dersom det er aktuelt å komme med eigen henger, så dekker Dyrsku’n inntil kr. 1.500,- pr utstillar. Dagen for storfeutstilling er fredag, og vi dømmer da alle kyr fortløpande og vil ha framvising og premiering etter den offisielle opninga av Dyrsku’n.
I reglementet for storfeutstillinga på Dyrsku’n står det at vi kun viser mjølkekyr, men det er opent for å stille med ammekyr av de gamle rasene. Dette betyr at vi ikkje har same krav til disse som til f.eks NRF og Jersey. Vidare så dømmer ein også kyr som ikkje mjølkar – altså er det greitt å stille med avsina kyr.
Når det gjeld premiering, så delast det ut sølvskei til 1. og 2. premier, og alle utstillarar får diplom og Dyrsku’krus.
Vi viser elles til heimesida vår for meir oppdatert informasjon og reglement og påmelding www.dyrskun.no
For meir informasjon om utstillinga kontakt utstillingsansvarleg:
Njål Vestøl på telefon: 913 76 415 – e-post: njal.vestol@tine.no

Med helsing

Margit Nordstoga Aasan Njål Vestøl (sign)
Prosjektleiar Dyrsku’n Utstillingsansvarleg
ku- og geitutstillinga

Spor fra din side.