Avlsmål for Telemarkfeet – revidert 2015

Skrevet av Jonas Løvaas Gjerstad . Publisert i Avl og bevaring, Nyheter

Anne Haugo med den gjevaste telemarkskua under Dyrsku´n 2013,  Foto: Jonas Løvaas Gjerstad

Anne Haugo med den gjevaste telemarkskua under Dyrsku´n 2013,
Foto: Jonas Løvaas Gjerstad

Avlsmål for Telemarkfeet
Målet er å bevare og utvikle telemarksfeet som ein god og funksjonell mjølkerase. Avlsarbeidet skal sikre reinrasa dyr for framtida.
Telemarkfeet skal vere raud- eller brannsida. Dei skal ha samanhengande kvit rygg frå rove til hovud. Bringkollen skal vere kvit, det same underdelen av buken, juret, bakføtene og rova. Hovudet bør vere droplete med raud mule, raude kjakar, raude øyro og med en raud strek eller veng over kvart auge. Der det raude og kvite møtest bør det vere ei droplerand, utanom på buken der kan det raude og kvite møtast kant i kant. (sjå elles rasestandard).
Telemarkfeet er horna. Dei bør vere velforma og fine, utan at dette skal vere eit krav. Telemarkfeet skal vere ein typisk mjølkerase. Dei skal ikkje ha grov beinbygnad eller vere for muskelsette. Dei skal ha eit velforma kryss som gir lette fødslar. Det skal vere ei lita og nett ku. Dei bør ikkje ha ei levande vekt over 500 kg.
Det skal leggjas vekt på god og funksjonell jur- og speneform som er tilpassa dagens driftsform. Juret skal vere velforma med godt feste framme og bak.
Økt avdrått er eit av avlsmåla. Både kilo mjølk, fett og proteininnhald vil bli tillagt vekt. Det er ynskjeleg å få dyr med mest mogleg jamn produksjon gjennom laktasjonen.
God haldbarheit på dyra er viktig. Dei skal ha god helse, gode bein og godt lynne. Tydeleg brunst og god fruktbarhet er også eigenskapar som det skal leggjast vekt på.
Avlsoksar skal ha maksimalt 12,5 % innblanding av anna rase.

Spor fra din side.