Norsk Bufe har avholt møte med LMD

Skrevet av Jonas Løvaas Gjerstad . Publisert i Nyheter

12525120_1314925535191586_8911558361815067412_o

I går var Norsk Bufe i Landbruksdepartementet for å orientere om utfordringane vi har som bønder for dei norske landrasane av storfe. Tistades var leiarane for Bufe/Telemarkfeet, Vestlansk fjordfe og Dølafeet. Vi møtte leiara for avdelingar i departementet. Ministeren hadde dessverre ikkje tid til å delta. Vi ga kanskje for dårleg pressedekning.
Vi orienterte om den økonomiske situasjonen og ba om 7000 pr. avlsdyr. Vi ville ha permanente unntak for båsfjøskravet – ikkje berre moglegheit til å søke dispensasjon. Men uttrykte også eit ønske om at det måtte gjelde heile næringa og at kravet måtte kun gjelde nybygg.
Vi begrunna også eit sterkt behov for at minstekravet til kalvingsintervallet måtte aukast frå 15 til 18 månadar.
Det blei ellers stadfesta at tilskot som tidlegare kom som RMP tilskot til våre dyr no vil kome som eit tilskot som er likt over heile landet. Utfordringa no blir at det blir ein del av jordbruksforhandlingane. Vi får håpe at det hjelper at Bufe får legge fram sine krav til begge sidene av forhandlingsbordet.

Morten Bjerkvik

Spor fra din side.