Seminar for dei norske landrasane av storfe

Skrevet av Lone Kultan . Publisert i Nyheter, Prosjekter

Foto: Turid O.Mæland

3.-4. mars arrangera Norsk Bufe og Landslaget for Telemarksfe seminar om dei norske landrasane av storfe. På programmet stod mange interessante foredragshaldarar, produktsmaking, gardsbesøk og mykje god mat! Det var godt oppmøte med om lag 60 deltakarar.

Seminaret vart halde på flotte Thorbjørnrud hotell på Jevnaker, rett ved Hadeland glassverk. Eit tradisjonsrikt hotell med historie tilbake til 1300 – talet. Eigar av hotellet, Olav Lie Nilsen, driv også garden Øvre Kjekshus som ligg ein liten køyretur frå hotellet. På Øvre Kjekshus bur om lag 250 vinterfora mjølkesau, 60 storfe og 120 utegris. Garden forsyner hotellet med både mjølk og kjøt. På hotellet har Olav bygd om svømmebassenget til ysteri, som tek imot mjølk frå både sau og storfe frå Øvre Kjekshus og lagar gode produkt til eige bruk og for sal. Olav har som mål at Thorbjørnrud skal bli best i Norge på lokalmat, og den maten ynskjer han å produsere sjølv. Med prinsippet «frå jord til bord» ynskjer han å formidle kunnskap om historie og lokalproduserte kvalitetsprodukt til sine gjester.

Fredagsprogrammet var fullspekka av spanande foredragshalderar med ulike tema. Fyrst ut var Nina W. Hegdahl frå Matmerk. Nina hadde eit motiverande foredrag om merkevarebygging og ulike former for kvalitetsmerking av produkt. Forbrukerar vil i stor grad la seg påverke av god marknadsføring, så her er det lurt å vere frampå. Ved å gjere beviste val i kven ein rettar marknadsføring mot i forhold til kva ein produserar kan ein oppnå ein god pris for produkta ein vil selje. Nina understrekar at det er viktig å ha «hårete» mål og ambisjonar. Undersøkingar syner at 8/10 ynskjer å prøve lokalmat og salet har auka med 3 gonger i forhold til andre varer. Lokalmat er ein aukande trend med stort fokus på kvalitet og identitet. Nina la vekt på kva som måtte til for å byggje ei merkevare og fortalde om ulike moglegheiter som fanst i form av  kvalitetsmerker som produsentane kan nytte på ulike produkt av dei gamle rasane.

Neste føredragshaldar var Ola Langleite. Han kom for å fortelje oss om kva som skjer rundt Urfe ordninga som det brått vart slutt på i haust. Nortura har overtatt ordninga og ein kan nå melde inn dyr via Urfe – ordninga på nett og få ein tilleggspris pr kilo ved slakting av dei gamle rasane. Dette var ein gledeleg nyheit og ei fin ordning der dei som ikkje ynskjer å foredle kjøtet sjølv kan få nokre kroner ekstra for kjøtet. Urfe – kjøtet vert distribuert ut til mellom ana restaurantar, og andre som ynskjer spesielt gode råvarer, til ein høgare pris enn vanleg kjøt. Gull verdt for dei gamle rasane at det er ein marknad for kjøtet slik at ein kan få både avsetning og god marknadsføring på produkta frå dei gamle norske rasane! Det nye Urfe er eit medlemssamvirke, der Nortura står for drift og sal. Etter føredraget til Ola var det tid for lunsj, mange hadde reist langt og det var ein ivrig gjeng som gleda seg til å smake på maten som vart servert på Thorbjørnrud. Me vart møtt av eit bord dekka med fargerik, flott og lokal mat. I hjørnet av lokalet var det til og med ein eigen bakaromn der dei laga fantastisk heimelaga pizza og servera den rukande fersk frå bakaromnen! Gode kokkar forvandla fantastiske råvarer til dei beste produkta. Eg er sikker på at samtlege kosa seg glugg i hel, for den lunsjpausa, den gjekk fort!

Foto: Turid O.Mæland

Fram til middag besto programmet av ulike føredrag om mjølkeprosjektet, samanheng mellom beitekvalitet og produktkvalitet, status for dei gamle norske rasane, litt om oksebruk, samt fleire presentasjonar frå ulike produsentar som driv på ulikt vis med dei gamle norske rasane. Alle foredraga var veldig interessante å høyre på, og eg skulle meir enn gjerne referert alle her, dersom eg hadde hatt plass. Utruleg inspirerande og lærerikt å høyre på entusiastiske bøndar som satsar friskt på dei gamle rasane, tener pengar på det, og gjer ein kjempejobb i å taka vare på og framsnakke dei utrydningstruga, flotte dyra våre!! For dei som er interessert så vil presentasjonane deires bli lagt ut på heimesida til laget og kan lesast der. Det som var spesielt interessant å taka med seg var fakta kring kjøt og mjølkekvalitet hjå dyr som har gått på fjellbeite, kontra innmarksbeite og foring med kraftfor. Innhald av omega 3 og sunne fettsyrer er høgare på dyr som har beita i utmark, i tillegg kan ein nytte biomarkørar i produkta for å kvalitetssikre at dyra faktisk har gått på utmarksbeite! Dette er eit viktig verkemiddel å ta med seg i framtida når det vert meir fokus på kvalitetsikring og tillit til produsent, dette er det stort fokus på elles i Europa.

Alle var spente når Anna Rehnberg skulle presentere rykande ferske tal på populasjonane. Ein gledelig nyheit var at talet på alle dei særnorske landrasane var på veg opp, og for telemarksku syner den siste teljinga 380 mordyr! Dette er svært positivt, men det er framleis ein stor jobb, særleg i avlssamanheng. Rasen er i dag prega av ein del innavl, og det er ekstremt viktig å tenke seg om ved bruk av okse. Sjekke slektskap, helst nytte gardsokse og ikkje la same okse få altfor mange avkom for å spreie genane så godt som råd! Anna er behjelpeleg med å sjekke slektskap mellom besetningane og  potensielle oksar, og kjempegrei å spørje om råd! Anna argumenterte i tillegg for at ein bør tenke på å kunne plukke seminokser av ammekyr og ikkje berre mjølkekyr. Med så få dyr og såpass høg innavlsgrad er ein avhengig av å ha ei størst mogleg genetisk variasjon i populasjonen.  Når om lag 40 prosent av populasjonen i dag består av ammekyr mistar ein eit betydeleg genetisk potensiale ved å utelukke dei ved utplukk av seminoksar.

Dagen vart avslutta med ostesmaking og synfaring i ysteriet på Thorbjørnrud Hotel, med tilhøyrande informasjon om konseptet til Olav Lie Nilsen. Mykje god ost, og eit flott ysteri med utsikt utover Randsfjorden. Etterpå gjekk turen vidare til det flotte hovudhuset på Thorbjørnrud. Der vart det servert ein fantastisk 4 rettars middag. På menyen stod sjølvsagt kjøt av telemarksokse frå Hilde og is av telemarksku frå Bjørge. Kvelden vart lang og triveleg, mange nye bekjentskap og gode røur! Ein svært triveleg gjeng!

Foto: Turid O.Mæland

Dagen derpå starta med nok ein fantastisk måltid på hotellet. Friske, raske og mette var me klare for nok ein spanande dag. Fyrst fekk me ei orientering frå Fylkesmannen i Telemark kring reglane knytt til kaup og leige av mjølkekvote. I tillegg vart det orientert kring avdråttskravet og kva som gjeld for dei gamle rasane. Her er det halvarten av snittet for rasen ein skal ta utgangspunktet i. For telemarksku vil dette seie om lag 2000 liter pr ku.

Så kom me til eit av høgdepunkta for seminaret! Smaking på produkta til dei som hadde med seg dette heimanfrå. Du verda her var mykje godt!! Spekepylse, all verdens av ostar, prim, speka kjøtt, youghurt, fetaost, karamellar… bordet var fullt av delikatesser laga på mjølk og kjøt frå dei gamle rasane! Så mange flinke produsentar, det var ein stor inspirasjon og sjå, lukte og smake på alle dei gode produkta.  Dei har all grunn til å vere stolte over det som vert produsert!

Foto: Turid O.Mæland

Seminaret vart avslutta med eit besøk på Øvre Kjekshus der me fekk sjå garden og produksjonen som var der. Olav Lie Nilsen kaupte garden på den opne marknaden, då var den fråflutt og nedsliten. Sidan den tid har han bygd fjos til mjølkeku, mjølkesau og rusta opp dei gamle bygningane på garden. I tillegg er det rydda eit stort areal med beiter kring garden. Flott å sjå gamle gardar i drift, stabbur fult av spekemat og eit ope kulturlandskap.

Takk for eit flott arrangement, eg trur alle hadde eit par flotte dagar!

Forfattar: Turid Opsund Mæland